Gjesdal menighet > Artikler > Artikkeldetaljer


Alpha kurs våren 2026


Alpha kurs for hausten blei avlyst pga få deltakarar, men me tek sjanse på å starte oppatt igjen frå januar!
Påmeldings er frist måndag 4.januar. Meld deg på, og få gjerne med deg ein ven!

Har du nokon gong lurt på kvifor vi eigentleg er her, om Gud finst eller om det finst ei større meining med livet? 
 
Alpha er eit kurs der ein utforskar kristen tru saman. 
Kvelden startar med enkel kveldsmat. Deretter ser vi ein video og snakkar om den etterpå. Videoane handlar om relevante tema i den kristne trua, om blant anna Jesus, bønn, Bibelen og Den heilage ande. 

Kom akkurat som du er, med tru eller tvil.

Alt er gratis.

 

Kurset går over 10 torsdagar frå kl. 18.30 - 20.30 i Oltedal kyrkje, på følgjande datoar:  
7.januar. - 14.januar - 21.januar - 28.januar - 4.februar. - 11.februar - 25.februar. - 4.mars - 11.mars - 18.mars

(altså ikkje kurs 18.februar pga vinterferien)

 

Påmelding:
Trykk her og fyll ut skjemaet: Alpha kurs påmelding

(Ved færre enn 7 påmeldte før fristen blir kurset avlyst).

 

Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med 

Øyvind Skuggedal, 
Undervisningsleiar, Ålgård Menighet og Gjesdal Sokn
oyvind.skuggedal@gjesdal.kommune.no

 

Vi håpar å sjå deg på Alpha våren 2026!

Tilbake