Gjesdal menighet > Artikler > Artikkeldetaljer


Brev om arrangement for born og unge


- Og mogleg om bornet ikkje er medlem.

Har du eit born som ikkje er medlem i Den norske kyrkja (Dnk), men ynskjer invitasjon til det som skjer for born og unge i kyrkjene våre?

Til mykje av det som skjer i kyrkja for born og unge, vert det sendt ut invitasjonar til alle medlemmar i aldersgruppa arrangementet er for. Me veit at det er fleire born i bygdene som ikkje er medlemmar av kyrkja, som likevel ynskjer å delta på det som skjer. Alle er hjarteleg velkomne til å delta på arrangementa me har, om ein er medlem eller ikkje! Det er berre å melde på via påmeldingslenke i artikkel om arrangementet her på heimesida.

Har du eit born som ikkje er medlem, men ynskjer å få informasjon når dei andre i same aldersgruppe får brev? Då kan du logga deg inn på Mi side til kyrkja sitt digitale medlemsregister her og føra ditt born opp. Me kan ikkje senda invitasjon til ditt born, men invitasjonen vil gå til deg som føresett. Melder du flytting til ein annan stad i Noreg, vil denne informasjonen automatisk bli overført til kyrkja der du flytter!

Er du som forelder heller ikkje meldem av Den norske kyrkja, kan du framleis melda barnet ditt på for å få informasjon om ting som skjer der du bur!  

Du kan sjølvsagt og sletta den informasjonen som er om deg og ditt barn når du sjølv ynskjer det.  

For spørsmål, eller hjelp til registering, ta kontakt med kyrkjekontoret på telefon 51 61 49 40 (tysdag-torsdag) eller e-post.

 

Tilbake